(Lenger nede på denne sida finn du historiearkivet til SAFFA og link til vedtekter og årsmøtedokument)
Om oss:
Kort historie, vedtekter og tilgjengeleg organisasjonsarkiv:
SAFFA blei formelt etablert på konstituerande generalforsamling i mars 1981 som eit svært laust samansett fellesorgan for folkemusikk- og folkedansgrupper i regionen.
Sverre Stuedahl frå "Skjetten Internasjonale folkedanslag", var formann i SAFFA dei første åra fram t.o.m. 1987. Andre leiarar har vore: Britt Hauge Svendsen (1988), Rolf Evju (1989), Harald Devold (1990-91), Alf Døhlen (1992), Anne Ma Devold (1993-94), Olav Ruud (1995-98), Vidar Wien Andresen (1999-2002)
Terje Hjørnevik var kasserar ein lang periode frå midt på 1980-talet.
Bygdelagssamskipnaden (BLS), lokalisert med sitt samlingshus i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo, var då Noregs Ungdomslag (NU) sitt fylkeslag for både Oslo og Akershus. Men den gongen var det i SAFFA eit relativt stort innslag av lag som dreiv med internasjonal folkedans, og dette var kanskje ein av grunnane til at dei ikkje knytte seg formelt til NU.
SAFFA er ganske utradisjonelt i oppbygginga - etter som det ikkje er verken lagskontingent eller personleg kontingent. Ein idé bak dette, er at SAFFA skulle vera eit "lågterskel"-tilbod som det skulle vera enkelt og rimeleg å slutta seg til, og at det dermed skulle ha ein sjanse for å dekka det aller meste av det som rører seg på området i regionen. Dette ville gi organisasjonen større tyngde - både fagleg og i offentlege miljø.
Akershus musikkråd har lenge fylt ein aktiv rolle som støttespelar for SAFFA - bl. a. i arbeidet med å skaffa fylkeskommunal stønad til arbeidet.
Kurs har vore ein viktig pillar i arbeidet heile tida. Den første tida var det årlege helgekurset i Hurdal. Sidan 2002 har kurset vore på Sørmarka kurs- og konferansesenter, adresse Siggerud. I januar 2018 blei kurset - for første gong - lagt til Olavsgaard hotell på Skjetten.
I 2018 har SAFFA ca 70 medlemslag. Lag frå Akershus dannar hovudstammen, men det er også med lag frå Oslo, Hedmark, Buskerud og Østfold. Vi trur det er viktig å skapa ein større allianse om ein skal få til eit handlekraftig regionapparat i Oslofjord-området.
Denne regionen er den mest tettbefolka i landet, og det er to ulike aspekt med tradisjonsarbeidet vårt.
SAFFA er - frå 2011 - medlem av FolkOrg og er organisasjonen sitt regionlag/områdelag for Oslofjord-området.
Frå aug. 2011 til aug. 2013 hadde SAFFA eit prosjekt med navnet Spillevinka. Eit viktig mål med prosjektet var å fremja folkemusikk og folkedans i kulturskolane og i skoleverket forøvrig. Marianne Tomasgård var tilsett prosjektleiar i 70% stilling.
I 2014 heldt Marianne fram som leiar for eit prosjekt finansiert av Kulturrådet. Dette gjekk på vidare arbeid med å finna tilbake gamle dansetradisjonar i Akershus og var ein del av grunnlagsarbeidet for Bygda dansar-prosjektet "Akersarv".
I perioden 2015-2017 var Marianne fast kontaktperson for SAFFA i Bygda dansar-prosjektet - Akersarv.
Bygda dansar hadde si avslutningsforestilling på kulturhuset i Sandvika 5. og 6. mai 2017. Etter dette er det viktig oppgave for SAFFA å legga til rette for at denne flotte ungdomsgjengen kan dyrka dansen og musikken vidare i vår region.
Frå august 2017 har Marianne Tomasgård vore tilsett som folkemusikk- og folkedanskonsulent for Akershus - med Akershus musikkråd som formell arbeidsgjevar.
SAFFA har etablert ein hefteserie med noter frå kjende tradisjonskjelder i fylket.
Pr. 2017 er 6 hefter ferdige. Fleire hefter kjem:
Hefte 1: Nordskaug-hefte
Hefte 2: 4 Dansemelodier fra Follo
Hefte 3: 20 springdanser og 10 hallinger
Hefte 4: 19 Runddansslåtter
Hefte 5: 24 Springdanser og masurkaer
Hefte 6: 15 danseslåtter etter Christian Mærli fra Enebakk
Årsmøtet er øverste organ i SAFFA.
Organisasjonsnummeret til SAFFA er 985 564 442
Frå våren 2011 har SAFFA gått inn i rollen som områdelag i FolkOrg.
Kontakt SAFFA:
Post- og kontoradresse: c/o Akershus musikkråd, Trondheimsv. 50E, 2007 KJELLER.
Slik finn du vegen til kontoret.
Styreleiar/Adm: Nils Seland post@saffa.no og tel.: 906 66 867
Kasserar: Bente Fredheim bgfr@online.no og tel.: 416 32 453
Vedtekter oppdatert fram til 2000
Vedtekter vedtatt av årsmøtet 2011
På årsmøtet blir det valt eit styre på 5 medlemmer.
Styre- og varamedlemmer i arbeidsåret frå april 2018 til april 2019:
Leiar: Nils Seland
Tel: 9066 6867
E-post: post@saffa.no
Nestleiar: Elin Synnøve Solberg
Tel: 934 56 741
E-post: elinssol@online.no
Kasserar: Bente Fredheim
Tel.: 416 32 453
E-post: bgfr@online.no
Marianne Tomasgård
Tel: 909 52 434
E-post: marianne.tomasgaard@saffa.no
Grethe Bekkedal Skrebergene
Tel: 950 78 005
E-post: gb-skreb@frisurf.no
Varamedlem:
Brynjar Bratland
Tel: 907 33 573
E-post: brynj-br@online.no
Årsmøtedokument:
Det første noteheftet SAFFA ga ut
Folder SAFFA (1987)?
Medlem i Akershus musikkråd frå 1990/91
Vivamus ac purus. Nullam interdum ullamcorper libero. Morbi vehicula imperdiet justo. Etiam mollis fringilla ante.
Donec et dui. Class aptent taciti sociosqu ad litora torquent per conubia nostra, per inceptos hymenaeos. Etiam mi libero, luctus nec, blandit ac, rutrum ac, lectus