SAFFA
SAFFA

    Sørmarkakurset 7. og 8. januar 2017

 

 

Tema Kursomtale

Folkemusikk

for barn

Instruktørane Elisabeth Olhans og Agneta H. Mæland stiller med sitt opplegg for kulturskoleelevar.

 

Start lørdag kl. 10.00.

Avslutning med "hentekonsert" lørdag ettermiddag.

Musikk og komp.

til Rørospols

 

Instr.: Feragen (trekkspel) og Eggen (fele). Slåttevalget blir mest repetisjon frå dei siste kursa dei har hatt på Sørmarka. Ein pedagogisk idé for å fokusera på skiljet mellom pols og masurka, er å spela litt av begge deler. Feragen-Eggen har denne gongen - i tillegg - med personar som kan masse om komp i desse rytme-artane, så her er det stoff å henta for fleire.

Springdans- og runddansmusikk frå Akershus

Instr.: Marianne Tomasgård (fele) og Ole Nilssen (Trekkspel)

Masse gammalt og orginalt stoff har kome fram i arbeidet med Akershus-tradisjonen. Du vil bli kjent med snedige runddansslåttar, og du vil få jobba med den gamle springdansmusikken i ulike rytmer som du seinare får testa ut på dansarane.

Dansekurset

 

 

Ami Dregelid og Ellika Frisell kjem tilbake med sitt pedagogiske opplegg for å gi djupare innsyn i temaet dans og bevegelse. Noe av opplæringa vil bli knytta til arbeid med Orsa-polskaen. I tillegg blir dei med på økta om Akershus-springdansen, der Solveig Brekke Hauknes har ansvaret for sjølve danseinstruksjonen.

 

Søndag vil Mathilde Øverland frå Bygda dansar gi oss bakgrunnen for arbeidet med Akershus-springdansen.

Innføringa startar med å gå gjennom det fagleg/historiske arbeidet med å gjenskapa denne springdansforma. Me får prøva korleis rytmen kan variera frå jamn tre-takt til kort-trear, og me får testa ut heile dansen saman med gammal, orginal slåttemusikk frå Akershus.

 

Bygda dansar Bygda Dansar-prosjektet vil setta eit ungdommeleg preg på kurshelga denne gongen. Dei har i stor grad sitt eige opplegg med å førbu sluttforestilinga til våren, men dei vil gi til beste eit programinnslag  på kveldsarrangementet lørdag - og dei vil bidra søndag i ein gjennomgang av arbeidet med Akershus-springdansen.

 

Du kan velja å ta begge dagane med same kurs eller variera med eit anna kurs dag to.

 

Bygda dansar-prosjektet blir med og vil prega helga sterkt, bl. a. med ei framsyning lørdag kveld.

Deltakarane i dette prosjektet har eigen prisavtale og melder seg på via Bygda dansar.

 

Kurset tar til lørdag kl. 09:00 og det er stor lunsj og middag i restauranten. Kveldsprogrammet med fridans varer til ca midnatt.

 

Søndag går kurset frå kl. 09:00 til kl. 13:00 med enkel pausemat.

(Ev. lunsj i restauranten søndag må kjøpast av kvar enkelt deltakar)

 

 Prisar  Prisen dekker - i tillegg til sjølve kurset: Tillegg for overnatting frå fredag
Kr. 500,- Lørdag med lunsj. Barn under 12 år.  
Kr. 1 300,- Bare lørdag - med lunsj, middag og kveldsarrangement  
Kr. 1 500,- Begge dagar utan overnatting  
Kr. 1 700,- Begge dagar med overnatting i trippelrom Kr. 580,- pr. person
Kr. 1 900,- Begge dagar med overnatting i dobbeltrom Kr. 630,- pr. person
Kr. 2 200,- Begge dagar med overnatting i enkeltrom Kr. 920,-

 

Med unntak av barnekursa, så er det oppstart begge dagar kl. 09.00.

 

Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift.

For påmelding og spørsmål: Send epost til post@saffa.no  eller tlf.: 9066 6867.

 

 

Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga.

Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.

Påmeldingsfristen er 10. desember.

Det vil bli eit tillegg til kursavgifta på kr. 200 for dei som melder seg etter fristen. Ver derfor ute i god tid.

 

 

Sørmarka kurs- og konferansesenter ligg på vegen mellom Oslo og Enebakk - nokre få km. aust for  avkjøringa frå E6 ved Klemetsrud.

Nærmare vegbeskrivelse: http://www.sormarka.no/om-oss/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

***********************************************************************************************************************

 

 

Sørmarkakurset 9. og 10. januar 2016

 

er nå gått over i historia. Fotograf Knut Utler var med under kurset lørdag, og hans bilete vil bli lagt ut her: https://www.facebook.com/knut.utler?fref=ts

 

Tema Kursomtale

Folkemusikk

for barn

Instruktør Elisabeth Olhans stilte med sitt opplegg for kulturskoleelevar.

 

Start lørdag kl. 10.00. Avslutning med "hentekonsert" lørdag kl. 15.30

 

 

Instruktørkurs

 

 

 

Trine M. Sjølyst

 

 

 

Kurstid:

Lørdag og søndag

Instruktørkurs. Vaksne- og barneinstruksjon.

 

Målgruppe:

Personar med noko folkedansbakgrunn som kan tenkja seg å gå inn i leiar- eller instruktøroppgåver for etablerte ringar og lag og på nybegynnarkurs.

 

På dette instruktørkurset arbeider ein med instruktørrolla, grunntrening og det å bli kjend med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring av folkedans. Deltakarane vil i løpet av kurset få rettleiing i eigen dans og øva på grunnleggande rørsleteknikkar. Ein vil også sjå på samspelet mellom dans og musikk.

 

Instruktør er Trine Merete Sjølyst, som har undervist fleire gonger tidlegare på SAFFA-kurs og har lang erfaring som dansar og instruktør. Trine er tilsett i Bygda Dansar Akershus og er ansvarlig for Norsk Folkemuseums Dansegruppe i tillegg til å være frilanser.

Trine spør:

"Finnes den ultimate instruktøren? Hvordan ønsker vi at våre instruktører skal være? På kurset vil deltakerne lære "lure", egnede danser og bruke ulike pedagogiske metoder for å formidle dem videre. Vi vil lære å tilpasse dansene til målgruppene, utvikle og gjennomføre opplegg med ulike målsetninger og bli bevisste på vår rolle som forbilder."

 

Benjamin Kehlet blir musikar for kurset. Han er kjent for sitt gode dansespel og breie repertoar. Han spelar i gruppa Farande Fant og blir ofte brukt som musikar for dansegrupper i og utanfor Oslo.

 

 

Bygde- og runddansslåttar frå Akershus.

 

Lær deg dei gamle slåttane og rytmen, slik at du kan spela - bl. a. til den gjenskapte Akershus-springdansen.

 

Kurstid:

Lørdag og søndag

 

 

 

Kurset bygger på det nye noteheftet som SAFFA har fått utarbeidd.

Skriv om du vil ha heftet tilsend i posten.

Øyvind Sandum og Marianne Tomasgård er instruktørar

Kurset er instrumentuavhengig.

Slåttane i bygdedansheftet kan du høyra her i ulike rytmevariantar: https://soundcloud.com/saffa-7

Musikk til "Storgardsmusikken"

 

 

 

 

 

 

 

 

Kurstid:

Lørdag og søndag

 

Den såkalla storgardsmusikken er ein betydeleg del av folkemusikktradisjonen i vårt område.

Instruktør er Olaf Aasen frå gruppa Hollos Efterfølgere, som gjorde stor suksess på Landsfestivalen for gammaldansmusikk i sommar. Sjå opptak

 

Olaf Aasen skriv om kurset:

"Ønsket er å kunne sette sammen ei gruppe mest mulig lik den tradisjonelle ensemblemodellen, med 1./2. fele, klarinett (B/A) og cello samt komp. I kompet er det åpent for både bass, gitar og piano. Repertoaret er tradisjonsmusikk fra Akershus, og vil omfatte de fire runddansene, samt noen av turdansene, som firetur og/eller fandango. Vi vil arbeide med fokus på samspill og dansbarhet. Storgardsmusikken har stor spennvidde mht tekniske krav til utøveren, og egner seg godt også som pedagogisk materiale i instrumentalundervisningen, både på soloinstrument og i grupper.

 

Her kan du sjå og høyra eit av produkta frå kurset - ein Firetur som kan erstatta den kjende slåtten som er brukt til Firetur frå Nes på Romerike:

Firetur

 

Musikk til Rørospols

a. Trekkspel/torader

 

b. Fele m. m.

 

Kurstid:

Lørdag og søndag

 

a. Lærar på trekkspel er: Rolf J. Feragen

b. Lærar på fele er Mari Eggen (pedagog og leiar i Glåmos spelemannslag)

 

Opptak:

Mari skriv: Lekene vi spiller går i a-dur, og felene bruker oppstemt ters og bass. For toradere blir det a/d spell.

 

Lydfiler:

Pols etter Henning Trøen

"Vil du høre nytt?"

Leken hinnes kokk-Sofia (fil for nedlasting)

 

Noter:

Vil du høre nytt?

Hoppvals etter Sven-Pålsa

Leken hinnes kokk-Sofia fele

Leken hinnes kokk-Sofia trekkspel

Pols etter Henning Trøen

Ringlender etter Nils-Jonsa Feragen

Dans

 

 

 

 

 

Kurstid:

Lørdag og søndag

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tema:

Ami Petersson Dregelid blir hovedinstruktør for kurset, og arbeidet med generell danseteknikk/dansestil og rytmeforståelse vil vera sentrale tema.

 

Ami skriv:

"Kurs i folklig dans - för dig som dansar och vill fördjupa ditt kunnande, med ”Rotation och sväng” som består av dansaren Ami Petersson Dregelid och spelmannen Ellika Frisell.

 

Denna kurs vänder sig till dig som har dansat tidigare och vill vidareutveckla ditt dansande.

Tonvikten ligger på att finslipa och fördjupa.

Vi kommer til ex att arbeta med teknik, sväng, balans och samdans. Vi utgår från den kunskap du redan har men bjuder också på nytt material.

  

Ami Petersson Dregelid, dansare och pedagog och Ellika Frisell, spelman och pedagog har undervisat ihop i många år och har utvecklat ett tätt pedagogiskt samarbete med kurser runt om i Norden. Deras gemensamma intresse av både musik och dans gör deras kurser till en inspirerande djupdykning

 

Tillsammans sätter de rotation och sväng på dansgolvet!

  

Ami Petersson Dregelid undervisar på Dans och Cirkushögskolan och Kungl. Musikhögskolan i Stockholm samt på Eric Sahlströminstitutet.

I Norge undervisar hon regelbundet på bl a Ole Bull akademiet/NTNU samt har kortare kurser.

 

Ellika Frisell är frilansande folk och världsmusiker som turnerar över hela världen. Undervisar halvtid på Kungl. Musikhögskolan och Dans och Cirkushögskolan. Ellika spelar musik främst från Bingsjö och Orsa, men även egna låtar, Västerdalskt, norskt m.m. "

 

 

Akershus-springdansen:

Prosjektleiar i Bygda dansa, Akershus, Mathilde Øverland vil orientera om arbeidet med gjenskaping av dansen.

 

Audun Grüner Hegge og Anbjørg Myhra Bergwitz vil ta oss med i ei økt eller to med Finnskogpols.

 


 

 Prisar  Prisen dekker - i tillegg til sjølve kurset: Tillegg for overnatting frå fredag
Kr. 480,- Lørdag med lunsj. Barn under 12 år.
Kr. 780,- Bare lørdag - med lunsj. (kl. 09.00 til 17.30) Over 12 år
Kr. 1180,- Bare lørdag - med lunsj, middag og kveldsarrangement  
Kr. 1380,- Begge dagar utan overnatting
Kr. 1680,- Begge dagar med overnatting i trippelrom Kr. 1369,- pr. rom
Kr. 1880,- Begge dagar med overnatting i dobbeltrom Kr. 1152,- pr. rom
Kr. 2180,- Begge dagar med overnatting i enkeltrom kr. 845,-

 

Med unntak av barnekursa, så er det oppstart lørdag kl. 09.00. Kursa blir avslutta med lunsj søndag.

 

Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift.

For påmelding og spørsmål: Send epost til post@saffa.no  eller tlf.: 9066 6867.

 

Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga.

Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.

 

 

Sørmarka kurs- og konferansesenter ligg på vegen mellom Oslo og Enebakk - nokre få km. aust for  avkjøringa frå E6 ved Klemetsrud.

Nærmare vegbeskrivelse: http://www.sormarka.no/om-oss/

 

 

 

KOMP støtter SAFFA og Sørmarkakurset

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sørmarkakurset 10. og 11. januar 2015

 

Frå kursinvitasjonen:

Springdans- og hallinggslåttar frå Akershus

 

(begge dagar)

Kurset bygger på det nye noteheftet som SAFFA har fått utarbeidd.

Skriv om du vil ha heftet tilsend i posten.

Mats Berglund og Elise Tegnér er instruktørar.

Kurset er instrumentuavhengig.

Slåttane i heftet kan du høyra her i ulike rytmevariantar: https://soundcloud.com/saffa-7

Musikk til Finnskogpols

 

(søndag)

Eva Karlsson (fele). Kurset er Instrumentuavhengig.

Sjå og høyr Eva spelar ein Finnskog-pols etter Johan Tajet sist ho var instruktør på SAFFA-kurs.

 

Nyckelharpe

Grunnkurs

(lørdag)

Instr.: Trine Sennerud Melby. Her kan du vera heilt nybegynnar.

Runddansmusikk frå Romerike

 

(lørdag)

Kurset byggjer på det nye noteheftet som SAFFA har fått utarbeidd.

Skriv viss du vil ha heftet tilsend i posten før kurset.

Instruktørar er Irene Tillung (trekkspel)

 

Musikk til Rørospols

a. Trekkspel/torader

 

b. Fele m. m.

 

 

(begge dagar)

 

a. Lærar på trekkspel er: Rolf J. Feragen

b. Lærar på fele er Mari Eggen (pedagog og leiar i Glåmos spelemannslag)

 

Noter og lydfiler er lagt ut her:

Borghildpolsen                    

Pols etter Karl Østenson      

Pols etter Knut Elven   

 

Opptak under kurset gjort av Jan Jansen med løyve frå instruktørane:

 

Bare fele:
1. Pols1 - http://youtu.be/JlNy0Wi5xAA        Pols etter Nils Feragen
2. Pols2 - http://youtu.be/wJ5HPn_C48Y      Pols etter Nils Feragen (forts.)
3. 7 sakte - http://youtu.be/OAosDJtZgPc
4. Ingebriktsvoll - http://youtu.be/Q7NRl9pidrI
5. Pols8 - http://youtu.be/wOhgIl4jFTo          Pols etter Hans Elven
6. Pols9 - http://youtu.be/_tfaCbN3-Kw         Pols etter Hans Elven


Begge to:
7. Pols10 - http://youtu.be/fmp4OiWGeyA    Pols etter Nils Feragen (sakte)
8. Pols11 - http://youtu.be/ZhvcB_Yu47E      Pols etter Hans Elven
9. Borghild - http://youtu.be/ObOvBkUmpSU   
10. Hans Elven - http://youtu.be/wBz6B4PVQbE
11. Knut Elven - http://youtu.be/eFJmCSZZOMM 
12. Ola Elven - http://youtu.be/riAXVdxEJng 
13. Pols 12 - http://youtu.be/tH67VNdhHIE   Pols e. Karl Østenson/Estenson

 

Felleslåter:
http://youtu.be/Fd3xTzJ6aGg
http://youtu.be/K40Xd3NeQjI
http://youtu.be/xrA3fxGUaaw

         

 

Dans (lørdag)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Pols i østerdalstradisjon. Instr.: Solveig B. Hauknes og Ole Nilssen. Spelemann er Torfinn Hofstad. Ole og Solveig vant klasse A dans vanlig fele på Landskappleiken 2014 og dans senior på Landsfestivalen 2014. Mange fekk gle seg over deira fantastiske danseinnslag på Meisterkonserten i Den norske opera i haust! Dei er i tillegg begge dyktige folkemusikkutøvarar på trekkspill/ torader og fele. Vi gler oss til at dei skal læra oss pols i Østerdalstradisjon.
  • Runddans. Med så dyktige instruktørar på huset som Solveig og Ole, så vil me nytta anledninga til å få ei oppfrisking av kunnskapen innan dei vanlege runddansformene.
  • Finnskogpols. Instruktørar er Audun Grüner-Hegge og Anbjørg Myhra Bergwitz. Audun og Annbjørg er begge erfarne folkedansinstruktørar. Dei er nå kvalifisert til kl A dans vanlig fele etter sin flotte Polsdans frå Finnskogen på Landskapp-leiken 2014. Vi gler oss til at dei skal dela sin dansekunnskapar med oss. Musikken er det Eva Karlsson som står for.
  • Turdans frå Akershus og Oslofjordregionen for øvrig.
    Instruktøren, Tone Eidsvold er erfaren folkedansrettleiar. Ho har dei siste åra vore særleg opptatt av å aktivisera og ta vare på dei lokale folkedanstradisjonene, også turdansen frå vårt eige område.

Seminar/Workshop:

Akershus-springdans

 

(Søndag)

SAFFA har arbeidd ei tid med å ta tilbake den gamle springdansen frå området. Arbeidet held fram, og det vil også bli ein del av Bygda dansar-prosjektet. Økta om springdansen vil ha preg av seminar/workshop med kombinasjon av tradisjonsinformasjon og praktiske øvelsar.

 

Meir info om påmelding, pris m.m. finn du lenger nede på denne sida.

 

 

 Instruktørkurs på Sørmarka 10. og 11. januar 2015

 

Mange lag slit med å skaffa instruktør til dansen. Nå blir det endeleg skipa instruktørkurs i vår region - både for dei som arbeider med vaksne og dei som instruerer barneringar. Bruk nå tida aktivt fram til desember for å få fram nye instruktøremne.

Kurset er eit samarbeid med Noregs Ungdomslag og med Bygdelagssamskipnaden og Eidsiva fylkeslag.

 

 

 

EIDSIVA FYLKESLAG

Instruktørkurs vaksne og barn. Målgruppe:

Personar med noko folkedansbakgrunn som kan tenkja seg å gå inn i leiar- eller instruktøroppgåver for etablerte ringar og lag og på nybegynnarkurs.

 

På dette instruktørkurset arbeider ein med instruktørrolla, grunntrening og det å bli kjend med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring av folkedans. Deltakarane vil i løpet av kurset få rettleiing i eigen dans og øva på grunnleggande rørsleteknikkar. Ein vil også sjå på samspelet mellom dans og musikk.

Instruktør er Marianne Dahl, som har undervist fleire gonger tidlegare på SAFFA-kursa og har lang erfaring som dansar og instruktør. Marianne har solid erfaring som lærar på instruktørkurs og har dansefagleg utdanning frå NTNU.

 

 

 

"Bygda dansar" på Sørmarka

 

 

 

 

 

Det treårige Bygda dansar-prosjektet er i oppstartsfasen og vil samla ungdom som kan tenkja seg å delta i prosjektet. Mathilde Øverland er prosjektleiar og kontakt for denne delen av kurset.

 

Bygda Dansar Akershus inviterer danseungdom mellom 15 og 25 år til workshop fra lørdag kl. 09.00 under Sørmarkakurset! Både ferske og erfarne dansere er velkomne. Prosjektlederne Øyvind Sandum, Trine Sjølyst og Mathilde Øverland vil gi en smak på prosjektet, lære bort lokalt dansemateriale fra Akershus, gi en introduksjon i hvordan man kan jobbe scenisk - og ikke minst bli bedre kjent med kursdeltagerne!
I etterkant av workshopen vil vi gjøre en presentasjon av prosjektet for alle deltagerne på Sørmarka.
Se også www.bygdadansar.no for mer informasjon om prosjektet.

 

Mathilde Øverland
Prosjektleder Bygda Dansar Akershus

 

 

 

Folkemusikk for barn på Sørmarka

Påmelding innan 9. januar

Folkemusikk for barn

Gruppa Kjerringrokk med Marianne Tomasgård, Agneta Holmer Mæland og Elisabeth Olhans stiller med sitt tradisjonelle opplegg "Feler i Fleng" for kulturskoleelevar.

 

Start lørdag kl. 10.00. Avslutning med "hentekonsert" lørdag kl. 15.30

Meir info om barnekursa

 

 

 Prisar  Prisen dekker - i tillegg til sjølve kurset: Tillegg for overnatting frå fredag
Kr. 400,- Lørdag med lunsj. Barn under 12 år.  
Kr. 980,- Bare lørdag - med lunsj, middag og kveldsarrangement  
Kr. 780,- Bare lørdag - med lunsj. (kl. 09.00 til 17.30)  
Kr. 1280,- Begge dagar utan overnatting  
Kr. 1580,- Begge dagar med overnatting i trippelrom kr. 467,-
Kr. 1780,- Begge dagar med overnatting i dobbeltrom kr. 550,-
Kr. 1980,- Begge dagar med overnatting i enkeltrom kr. 820,-

 

Med unntak av barnekursa, så er det oppstart lørdag kl. 09.00. Kursa blir avslutta med lunsj søndag.

 

Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift.

Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga. Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.

 

 

Sørmarka kurs- og konferansesenter ligg på vegen mellom Oslo og Enebakk - nokre få km. aust for  avkjøringa frå E6 ved Klemetsrud.

Nærmare vegbeskrivelse: http://www.sormarka.no/#veibeskrivelse.

 

 

Har du spørsmål eller forslag til kurset? Skriv til post@saffa.no

 

KOMP støtter SAFFA og Sørmarkakurset

 

 

 

 

 

Sørmarkakurset

 

11. og 12. januar 2014

 

blei avvikla i tradisjonell stil og med stort engasjement frå både instruktørar og deltakarar - unge og vaksne.

 

Kursplan og invitasjon var slik:

Musikkursa:

SAFFA har gjennom det siste året fått på plass fire temahefter med noter og besifring til ulike kategoriar lokal folkemusikk. To av desse hefta blir presentert gjennom kurs på Sørmarka i januar:
Kursa vil bli lagt opp slik at det er muleg å få meg seg to "løp". Du kan ta eit kurs lørdag og eit anna søndag. Dersom du vél å følgja same kurset heile helga, så blir det nye slåttar dag 2.

  • Runddansmusikk frå Romerike.
    Intruktørar er Irene Tillung på trekkspel og Marit Skeie Ljones på fele, men kurset er uavhengig av kva slags instrument du spelar. (hefte nr. 4 er ein del av kursmateriellet)

  • Gamle springdans- og hallingslåttar frå Akershus-området
    Instruktørar er Mats Berglund og Elise Tegnér. Begge spelar fele, men her er det også først og framst poenget å læra slåttane, historia og rytmen, så her kan du koma med det instrumentet du har.
    (hefte nr. 3 er ein del av kursmateriellet) Dersom du skal spela til dans, så er "kort-trear"-rytme blitt meir og meir aktuell. Då er det flott å kunna ein del om det lokale utvalget av slåttar.

  • Rørospols
    Instruktør er Rolf J. Feragen frå Røros - som spelar trekkspel i Småviltlaget. Rolf har med seg ein felespelar frå same laget - Ole Erik Feragen. Kurset kan derfor i periodar delast i to - eit parti for felene  og eit parti for trekkspel/torader og div. komp.-instrument.
    Småviltlaget er av mange rekna som det beste førebiletet når det gjeld å spela god pols. Laget har sitt utspring frå Røros og Hessdalen, og er blant dei fremste utøvarane av gammeldansmusikk her i landet. Dei har blant anna vunne Landsfestivalen tre gonger.
    Noter/lydfiler til kurset:
    - Funesdalingen (noter)
    - Brurleken åt Sulhusgubben (lydfil spela av Elise Tegnér) Lydfil med Tron Westberg (Småviltlaget)
    - Kvardagspolsen hass Henning Trøen  (noter)  Lydfil m. Småviltlaget
    - Pols e. Johs. Ingebrigtsvoll  (noter)
    - Aursundleken (Den same som Leken hass Smed-Anders)? (noter)

  • Dansekursa:
    Dansetilbudet i år blir eit samanhengande "løp", men med forskjellige dansar gjennom helga.
    - Rørospols med instruktørar og musikk frå Røros. Torill Jørgensen instr. og musikk Rolf J. og Ole        Erik Feragen.
    - Akershus-springdansen. Instr.: Martin Myhr og Trine S. Melby
    - Turdansar frå regionen. Instr:. Tone Eidsvold
    - Vestfold-springdans. Marianne Dahl
    - Rundom. Martin Myhr

  • Ungdomskurs (lørdag)
    A. Instrumentuavhengig samspelkurs med Vegar Vårdal.
    B. Dansekurs/Workshop m. intro. til prosjektet Bygda dansar: Marianne Dahl m. fl.

    C. Barnekurs: Felekurs med Kjerringrokk/Feler i fleng (lørdag frå kl. 10.00 til 16.00)


    Detaljert timeplan oppdatert 9. januar 2014


Kursstart begge dagar: Kl. 09.00. Avslutning søndag etter lunsj (kl. 13.30).

 

Påmeldingsfristen var den 12. des. Men det er ennå plass på kursa, så bare send ein epost med navn, mobilnummer/adresse og det kurset du vil bli med på til post@saffa.no.


Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift.

Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga. Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.

Har du spørsmål om kurset - ta kontakt på epost

 

Prisar januar 2014:

1 Heile helga med overnatting i enkeltrom kr. 1.850
2 Heile helga med overnatting i dobbeltrom kr. 1.650
3 Heile helga med overnatting i trippelrom kr. 1.450
4 Heile helga utan overnatting men med lunsj og middag kr. 1.000
5 Bare lørdag med lunsj, middag og kveldsarrangement kr. 900
- Ekstra overnatting frå fredag til lørdag i enkeltrom kr. 800,-

 

KOMP støtter SAFFA og Sørmarkakursa

 

 

OMTALE AV TIDLEGARE KURS PÅ SØRMARKA:

 

Sørmarkakurset 12. og 13. januar 2013:

Bilete og film frå helga:

Knut Utler sine bilete frå helga.         

"Hentekonserten" lørdag.

"Paneldebatten" om springdanshistoria.

Martin Myhr og Trine S. Melby gir oss si tolking av den gamle springdansen i Akershus.

Pål A. Sveen og Elin Eidsand instruerer Hadelandsspringdans.

Tor Stallvik instruerer Vågåspringleik.

Kurstilbud barn 8-12 år: Last ned kursinvitasjon

* Fele: "Kjerringrokk", Agneta Holmer Mæland, Elisabeth Olhans og Marianne Tomasgård

* Folkesang: Unni Løvlid

* Dans: Trine Melby

* Halling: Martin Myhr

Kurstilbud ungdom og vaksne:

  • Klarinetten i folkemusikken . Eit nytt og spennande kurstilbud med Olav Sæta som Instruktør.
    Les artikkel av Bjørn Aksdal om emnet.
  • Kurs på Nyckelharpa med den svenske topputøvaren Peter "Puma" Hedlund. Peter blir av mange vurdert som den beste utøvaren på kromatisk nyckelharpa i Sverige.
  • Folkesong frå Akershusmed Tone Holte og Unni Løvlid.
  • Hardingfele med Jan Beitohaugen Granli. Han er fra Valdres og er en av landets beste utøvere på hardingfele.
  • Folkemusikk fra Akershus med Stein Magne Eggen og Elise Tegnér. (ass. Instrument).
  • "Med belgspel i tretakt" Spesielt fokus på masurka- og ulike lokale springdansrytmer. Tom Willy Rustad.
  • "Gammelspringdans fra Akershus". Instr.: Martin Myhr og Trine Melby. Musikk Mats Berglund.
    Her vil vi slå eit slag for å gjenskape den gamle springdansen frå området - frå tida før masurkaen "overtok" omlag midt på 1800-talet.
  • Vågå-springleik med Tor Stallvik som instruktør. Musikk: Tonje Lien Barkenæs.
  • Springdans frå Hadeland med Pål Anders Sveen og Elin Eidsand. Musikk: Tonje Lien Barkenæs.

***********************************************************************************

Ny rekord for Sørmarkakurset 7. og 8. januar 2012!

På det meste var det 165 dansarar, spelemenn og folkesongarar på Sørmarka samtidig denne helga.
Musikk og dans i forskjellige former for tretakt (springdans/pols/masurka) frå området rundt Oslofjorden var hovedtema - både for musikarene og for dei som ville dansa. Som bitema kom instruktørane også inn på runddansslåttar frå området. Det var vidare tema frå andre tradisjonar, f. eks. hardingfelespel med Sigrid Moldestad som instruktør.

Jan Jansen gjorde filopptak på kurset:   Ny og redigert utgave

Knut Utlers bilete frå SAFFA-kurset

Sjå biletserie frå Østlandets Blad

Meir kursinfo, kursplan oppdatert pr 6. januar og betalingsinformasjon her.

BAKGRUNNSMATERIELL FOR KURSET:

(Oppdatert 15. januar 2012.)

"Bruu-boka" blei brukt som bakgrunn for instruksjon av ein del enkle rekkedansar på kurset søndag. Dersom du er interessert i å studera dette stoffet nærmare, så kan du lasta ned ein pdf-utgave av boka her. SAFFA har engasjert Elise Tegnér til å maskinskriva dei handskrivne notene i boka. Det vil gjera musikken lettare tilgjengeleg.

Bo Carlin har send oss dette bidraget i springdansdebatten: "Erindringer" Av J. C. Schrøder (frå ca1850)

Artikkel av Tone Eidsvold og Odd Lund frå 1990.  Folkemusikk og folkedans i Østfold

Gammel galopp etter Andreas Norskaug, Vestby. Lydfil    Noter   (Brukbar til Hamborgar)

Interessant intervju med Arne Norskaug om reinlendermusikken - fart og rytme.  Lydfil

Per Fossheim frå Nes snakkar om masurka og springdans frå gammal tid. Lydfil

Olav Sæta kommenterer springdansrytmen i spelet til Per Fossheim: Tekst

Springdans nr. 14. Norskaug (Vestby). Lydfi(Arkivopptak med Arne Norskaug)    Noter   

Polsslått nr. 4. e. Chr. Mærli (Enebakk) Lydfi(Mats Johansson 2011)   Lydfil (Chr. Mærli)    Noter 

Springdans nr. 1 e. Chr. Mærli (Enebakk) (Har litt til felles med "I bryllupsgården") Lydfi(Chr. Mærli)    Noter

"Springdans fra Asker" (L.M. Lindemann) Noter   (Mats Johansson, Marit Vestrum og Elise Tegnér 2011)

"Springdans fra Asker" (L.M. Lindemann) Lydfil

Brudedans fra Aurskog. Lydfil  (Mats Berglund)   Noter

"Heile Høland" Springdans   Lydfil  (Mats Berglund)   Noter

***********************************************************************************************************************

Her er det lagt ut noter og lydprøver som instruktørane har valt ut det endelege lærestoffet:

Kurs for torader:

Reinlender e. Ola Kampen:      Noter      Lydfil      (Tom Willy Rustad)

"Norske" (springdans):         Noter    Lydfil      (Tom Willy Rustad)

Brudemarsj fra Vestfold:       Noter    Lydfil      (Tom Willy Rustad)

Kurs for fele og trekkspel:

Polkett af Hans Borgersen, Eidsvold:  Noter   Lydfil    (Tonje Lien Barkenæs)

Reinlender af Hans Borgersen, Eidsvold: Noter  Lydfil    (Tonje Lien Barkenæs)

Springdans1 nr. 62, Eidsvold: Noter     Lydfil               (Tonje Lien Barkenæs)

Springdans2 nr. 81, Eidsvold: Noter     Lydfil               (Tonje Lien Barkenæs)

***********************************************************************************************************************

Har du lyst til å høyra meir tradisjonsstoff frå Akershus, så kan du gå inn på dokumentasjonssenteret til Akershus fylkeskommune:

http://fia.akershus-f.kommune.no/doksenter/Folkemusikk/_folkemusikk.html

 

 

************************************************************************************

Sørmarka-kurs 8. og 9. januar 2011

SAFFA styrker arbeidet med tradisjonsmateriale frå sitt nærområde.

Dei gamle tretaktdansane frå oslofjordregionen var hovudtema for kurset - både dansen og musikken. Det var lagt opp som ei blanding av ei fagleg, historisk innføring og solid praktisk læring. Det var nær 90 vaksne deltakarar på kurset. I tillegg var det 30 barn som lærte å spela folkemusikk på fele og bratsj.

Her finner du bildealbumet fra kurset.

Les meir om kurset ved å lasta ned desse filene i pdf-format:

Kursinvitasjon

Kursplan

Folkemusikk-kurs for barn

Noter til "Trakteringslåten"

 

Pols1

***********************************************************************************************************************

Suksess for sørmarkakurset 9. og 10. januar 2010
I alt var det 120 spelemenn og dansarar samla på årets sørmarkakurs. Programmet var tett, og deltakarane viste stor entusiasme. Den jamne og gode framgangen arrangementet har hatt dei siste åra gir inspirasjon til ei markert vidareutvikling. Du bør alt nå reservera helga den 8. og 9. januar 2011. Kom også med ønske om kurstilbud som du er interessert i.

*********************************************************************************************************************** God oppslutning om sørmarkakurs 2009

Ca 110 dansarar og spelemenn i aktivitet på Sørmarka denne helga.

Stikkord om programmet henta frå kursinvitasjonen:

"KOMP-KURS"

Tema vil være rytmikk, harmonilære, gitar –akkorder, kontrabass-spill, el-bass spill, bassganger, besifring, alternative akkorder, strykebass.

RYTMEFORSTÅELSE
Begge dagane tek til med ei generell rytmeøkt for både dansarar og musikarar. Tor Stallvik er ein av våre mest erfarne og solide fagfolk innan folkedans. Han hadde stor suksess med å gi eit større perspektiv på dette med rytmeforståelse under SAFFA-kurset i januar 2008. Dette blir vidareutvikla under komande kurs.

VÅGÅSPRINGLEIK
Tor Stallvik er trønder av opphav, men har budd så lenge i Vågå at han er å rekna som ekte døl - iallfall når det gjeld dans. Det var god respons på hans kurs i Vågåspringleiken på sist kurs. Mange ønskjer å repetera og bygga vidare på 2008-kurset, men det er fullt muleg å koma om du ikkje har vore borte i dansen før.

MUSIKK TIL VÅGÅSPRINGLEIK
Tonje Lien Barkenæs er spelemann for Tor sine økter, men har også eit kortkurs for dei som vil læra å spela i denne rytmen.

HALLING/LAUS
Ulf-Arne Johannessen frå Ål i Hallingdal er danseinstruktør. Han er ein av landets beste hallingdansarar for tida, og er er medlem av Dansekompaniet Frikar (kjent frå bl.a.Norske Talenter).

VALDRESSPRINGAR
Brit Totland blir instruktør på lynkurs i å dansa Valdresspringar søndag. Ho har Dag Hamre som medinstruktør.

TURDANS/KVADRILJER
"Turdans til hverdag og fest"
Vi kommer inn på ulike former for turdans, det være seg pardans, tredans, dans i stor ring og i små ringer, dans på rekker og oppstiling i store og små kvadriljer.
Marita Ramstad er kursleiar.

HARDINGFELE
Tore Bolstad er instruktør på hardingfelekurset. Halling og Valdresspringar er prioriterte tema og det blir høve til å trena saman med dansarane på kurset.

TORADER
Instruktør Lisbeth Haraldsen frå Geilo. Ho er 21 år og nyutdanna frå Ole Bull-akademiet på Voss - tilsett som kulturskolelærar i Hol og med hallingdalstradisjon som spesialfelt.

TREKKSPEL
Bjørn Elgstøen er instruktør. Danserytme og arrangement er hovedtema.

FELE
Olav Luksengård Mjelva er ein av landets beste på fele og vil bli hovedressursen for dette kurset. I tillegg vil Tonje Lien Barkenæs ta ei økt med vågåspringleik.

LØRDAG KVELD
er ein viktig og integrert del av kurset. Her får musikk-elevane spela til dans i varierande grupperingar.

********************************************************************************************************************

Glimt frå Sørmarka-kurset 12. og 13. januar 2008.

Det årlege "januar-kurset" i SAFFA har som mål å fomidla kunnskap/kompetanse/vidareutvikling som det ofte er vanskeleg for det enkelte lag å få tak i på eiga hand.

Grunnleggande kunnskap om rytmeforståelse - både for dansarar og musikarar har vore sentralt tema dei siste åra. Dette vil bli ført vidare på kurset i vinter. Frå fagplanen nemner vi:

Tor Stallvik:

Tor er ein av dei mest erfarne instruktørane i Noregs Ungdomslag og er mangeårig medlem i Vågå Spel- og dansarlag.

1. Innlæring av rytme/rytmeforståelse.

2. Springleik frå Vågå.

Leder Nils Seland med Tor Stallvik og

Ellev  og Per Tomasgård:

Hamborgarrytmen - eit opplegg både for dansarar og spelemenn.

Ellev kjem frå Hornindal og "har hamborgaren i blodet". Han er kjent for mange i SAFFA frå suksessen med Nannestad spelemannslag. Han har arbeidd med musikk i heile sitt liv - sist som lærar i kulturskole. Fele er hovudinstrumentet.

Josefina, 7 år, lærer dansesteget av pappa ...

Mats Berglund:

Mats fortel: "Jag har utarbetat ett låtutlärande med
målsättningen att ge spelmännen en större insikt för att förstå
samapelet mellan musikens rytm och dansen. Ett av kursmomenten är att
låta spelmännen få gå försteg och känna på svikten för att sedan
omsätta den erfarenheten i sitt eget spel."

Bjørn Elgstøen

Trekkspel/toradarinstruktør med solid erfaring frå dansemusikk-miljøet. Har samla gammal dansemusikk frå Akershus og spelar i Nitelva.

Tonje Lien Barkenæs

Er kursspelemann denne gongen. Kjent frå bl. a. Østerdølene og "Delta-karane". I tillegg til å spela til danseinstruksjonen vil Tonje bidra på musikkursa.

 

 

 

 

 

 

 

 

                  Anne Hval Jensen ledet sangdansen ......

 

 

... og Alix Cordray ga oss en repetisjon på Finnskogpolsen.

 

 

Vivamus ac purus. Nullam interdum ullamcorper libero. Morbi vehicula imperdiet justo. Etiam mollis fringilla ante.

 

Donec et dui. Class aptent taciti sociosqu ad litora torquent per conubia nostra, per inceptos hymenaeos. Etiam mi libero, luctus nec, blandit ac, rutrum ac, lectus

 

 

 

SAFFA - Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk i Akershus - post@saffa.no