Gamle Hvamsdag 2011 gjekk av stabelen søndag 21. aug. SAFFA oppfordra på førehand alle musikk- og dansegrupper om å bidra med innslag i programmet. Mange lag deltok. Marita Ramstad hadde ansvaret for programmet
På årsmøtet i FolkOrg i Bergen i november 2010 blei vedtektene endra for det som gjeld organisering av områdelag/distriktslag innan organisasjonen. Nå er det ikkje lenger eit vilkår at alle medlemslag i områdelaget er medlemmer av FolkOrg sentralt.
Denne endringa passa som «hand i hanske» for SAFFA, der dei fleste medlemslaga for tida ikkje er med i ein landsdekkande organisasjon. Styret har gått inn for å knytta SAFFA opp mot FolkOrg – for på den måten å styrka nettverk og status. Det var før årsmøtet 6 FolkOrg-lag i Oslo og Akershus som ikkje var medlem av SAFFA. Desse vil ikkje få auka forpliktelsar eller kostnadar ved å bli innlemma i eit regionlag – bare eit organ der det er muleg å samarbeida om overordna fellestiltak.
Saka blei behandla formelt på årsmøtet i SAFFA den 31. mars 2011 og samrøystes vedtatt.
SAFFA har også hatt kontakt med Bygdelagssamskipnaden (BLS), som har sin base i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo sentrum. BLS er regionlag for Noregs Ungdomslag i Oslo og Akershus. BLS-styret har sagt ja til praktisk samarbeid med SAFFA i første omgang.
SAFFA oppfordra på førehand alle musikk- og dansegrupper om å bidra med innslag i programmet. Mange lag deltok. Marita Ramstad hadde ansvaret for programmet
Her er Tor Skaulis 2 bildealbum fra Gamle Hvamsdagen:
SAFFA styrker arbeidet med tradisjonsmateriale frå sitt nærområde.
Dei gamle tretaktdansane frå oslofjordregionen var hovudtema for kurset – både dansen og musikken. Det var lagt opp som ei blanding av ei fagleg, historisk innføring og solid praktisk læring. Det var nær 90 vaksne deltakarar på kurset. I tillegg var det 30 barn som lærte å spela folkemusikk på fele og bratsj.
Sørmarkakurset 11. og 12. januar 2014 blei avvikla i tradisjonell stil og med stort engasjement frå både instruktørar og deltakarar – unge og vaksne.
Kursplan og invitasjon var slik:
Musikkursa:
SAFFA har gjennom det siste året fått på plass fire temahefter med noter og besifring til ulike kategoriar lokal folkemusikk. To av desse hefta blir presentert gjennom kurs på Sørmarka i januar: Kursa vil bli lagt opp slik at det er muleg å få meg seg to «løp». Du kan ta eit kurs lørdag og eit anna søndag. Dersom du vél å følgja same kurset heile helga, så blir det nye slåttar dag 2.
Runddansmusikk frå Romerike. Intruktørar er Irene Tillung på trekkspel og Marit Skeie Ljones på fele, men kurset er uavhengig av kva slags instrument du spelar. (hefte nr. 4 er ein del av kursmateriellet)
Gamle springdans- og hallingslåttar frå Akershus-området Instruktørar er Mats Berglund og Elise Tegnér. Begge spelar fele, men her er det også først og framst poenget å læra slåttane, historia og rytmen, så her kan du koma med det instrumentet du har. (hefte nr. 3 er ein del av kursmateriellet) Dersom du skal spela til dans, så er «kort-trear»-rytme blitt meir og meir aktuell. Då er det flott å kunna ein del om det lokale utvalget av slåttar.
Rørospols Instruktør er Rolf J. Feragen frå Røros – som spelar trekkspel i Småviltlaget. Rolf har med seg ein felespelar frå same laget – Ole Erik Feragen. Kurset kan derfor i periodar delast i to – eit parti for felene og eit parti for trekkspel/torader og div. komp.-instrument. Småviltlaget er av mange rekna som det beste førebiletet når det gjeld å spela god pols. Laget har sitt utspring frå Røros og Hessdalen, og er blant dei fremste utøvarane av gammeldansmusikk her i landet. Dei har blant anna vunne Landsfestivalen tre gonger. Noter/lydfiler til kurset: – Funesdalingen (noter) – Brurleken åt Sulhusgubben (lydfil spela av Elise Tegnér) Lydfil med Tron Westberg (Småviltlaget) – Kvardagspolsen hass Henning Trøen (noter) Lydfil m. Småviltlaget – Pols e. Johs. Ingebrigtsvoll (noter) – Aursundleken (Den same som Leken hass Smed-Anders)? (noter)
Dansekursa: Dansetilbudet i år blir eit samanhengande «løp», men med forskjellige dansar gjennom helga. – Rørospols med instruktørar og musikk frå Røros. Torill Jørgensen instr. og musikk Rolf J. og Ole Erik Feragen. – Akershus-springdansen. Instr.: Martin Myhr og Trine S. Melby – Turdansar frå regionen. Instr:. Tone Eidsvold – Vestfold-springdans. Marianne Dahl – Rundom. Martin Myhr
Ungdomskurs (lørdag) A. Instrumentuavhengig samspelkurs med Vegar Vårdal. B. Dansekurs/Workshop m. intro. til prosjektet Bygda dansar: Marianne Dahl m. fl.C. Barnekurs: Felekurs med Kjerringrokk/Feler i fleng (lørdag frå kl. 10.00 til 16.00) Detaljert timeplan oppdatert 9. januar 2014
Kursstart begge dagar: Kl. 09.00. Avslutning søndag etter lunsj (kl. 13.30).
Påmeldingsfristen var den 12. des. Men det er ennå plass på kursa, så bare send ein epost med navn, mobilnummer/adresse og det kurset du vil bli med på til post@saffa.no.
Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift.
Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga. Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.
SAFFA styrker arbeidet med tradisjonsmateriale frå sitt nærområde.
Dei gamle tretaktdansane frå oslofjordregionen var hovudtema for kurset – både dansen og musikken. Det var lagt opp som ei blanding av ei fagleg, historisk innføring og solid praktisk læring. Det var nær 90 vaksne deltakarar på kurset. I tillegg var det 30 barn som lærte å spela folkemusikk på fele og bratsj.
SAFFA har gått inn i eit samarbeid med BUL og BLS om dette arrangementet, som er i ferd med å bli årvisst. Alle salane i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo sentrum var fylt med musikk og dans og mykje liv frå lørdag førmiddag til søndag kveld. Det var stildans, runddans, bygdedans, turdans og songdans, konsertar og kurs for vaksne og barn.
SAFFA sitt bidrag var å rekruttera spelemenn/musikkgrupper til å delta i dugnadsspel lørdag kveld frå kl. 21.00 – inkl. Nattdans frå midnatt og utover. Lista trekkspillklubb var på bytur den helga og blei med på dansespelet. Sjå http://www.myspace.com/ltklubb/music/playlists
Kathleen Brevik har gjennom mange år gjort en formidabel jobb med innsamling av folkemusikkstoff i Follo og har nylig gitt ut et hefte med det siste materialet som er klart. Sammen med sitt Follo Gammeldans Ensemble fortalte hun om arbeidet og presenterte stoff fra heftet.
Gabriel Wilhelmsen fra Drøbak kom til fylkesfinalen i årets UKM (Ungdommens kulturmønsting). Han ga oss en konsert med vakker gitarsolo.
Vanita Gro Elton fra Lørenskog og hennes dansepartner ga oss en smakebit av orientalsk inspirert folkedans. Et eksotisk og populært skue for oss nordboere.
Spelemannslaget De frilynde spilte til fridans.
Ellers medvirket Ullensaker Spellmannslag, Nitelva Spellmannslag og folkedanslaget Kjerringa med staven, Moulineten stildansgruppe, Folkedanslaget Springar`n og Leikarringen Rakne.
Dans og sangleker for alle barna var et populært innslag i programmet, men også for de voksne ble det sjanse til en svingom på plattingen.