Blåmyra folk fest på salt art & music lørdag 26.6.

26. juni fylles SALT med det beste og det råaste av norsk tradisjonsmusikk når folkemusikkfestivalen Blåmyra Folk Fest går av stabelen for første gang.


Blåmyra Folk Fest er eit samarbeid mellom SALT, Oslofolk – laget for folkemusikk, SAFFA, Riksscenen og Folkemusikkveka på Ål. Vi samlar eit knippe av dei beste utøvarane innan norsk folkemusikk og folkedans til folkefest på SALT. På programmet står mellom anna Valkyrien Allstars, Ævestaden, Thov Wetterhus, Anne Hytta og Olav L. Mjelva. Konsertane med Thov Wetterhus og Valkyrien Allstars/Ævestaden er billetterte, medan resten av programmet er inkludert i konsertbilletten.

PROGRAM:
Blåmyra Folk Fest byr på workshop og levande dans med fleire av landets ypparste folkedansarar! Bli med i dansen under workshop’en eller hei fram hallingdansarane i tevlinga! Her blir det lav terskel og høg stemning, garantert noen freske hallingspark.

Dansespell ved Mari Skeie Ljones og Hilde Fjerdingøy.

16.00 Folkedans med Trine Sennerud Melby og ungdomane i Bølingen

16.25 Hallingdans med Ulf-Arne Johannessen

17.00-17.40 Kappdans i halling.
Programleiarar: Jon Bugge Mariussen og Silje Risdal Liahagen

18.00 – KONSERT OG PLATESLEPP MED THOV WETTERHUS
Denne groovy numedølen har vunne landskappleiken på munnharpe ikkje mindre enn seks gonger, seinast i 2018, og det energiske eggande spelet hans har blitt ein favoritt blant både publikum, dansarar, kappleiksdommarar og musikarar langt utanfor folkemusikken. No feirar vi albumslipp!

19.30 – KONSERT MED VALKYRIEN ALLSTARS OG SUPP: ÆVESTADEN
Valkyrien Allstars er kjent som eit av landets beste liveband og har sidan debuten i 2007 vore pionerar innan arrangert folkemusikk. Dei har eit solid fotfeste i norsk tradisjonsmusikk samstundes som dei stilsikkert og elegant leikar seg med mange ulike sjangrar og uttrykk, noko som gjer musikken deira grenselaus, særeigen og appellerande til et stort publikum.
Med som oppvarming har de albumaktuelle Ævestaden. I april 2021 slapp dei debutsingelen ‘Stanna Inte’, og i mai 2021 kom debutplata deira ‘Ingen mere gråter’. Ævestaden skapar eit særeige klanglandskap med både feler, langeleikar, song, kraviklyre og munnharpe, samt elektronikk og effektpedalar. Trioen består av Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien.

Etter konsertane byr vi på fest i Langhuset og Bazaar. For å komme inn på Tuvas Blodklubb må du ha konsertbillett til enten Thov Wetterhus, eller Valkyrien Allstars / Ævestaden.

22.00 – TUVAS BLODKLUBB (inkludert i konsertbillett)
Tuvas Blodklubb blir servert på Riksscenen ei gong i månedan, men denne kvelden vert heile konseptet flutt ut av storstua på Grünerløkka og inn på SALT. Vi snakkar truleg om Norges, Nordens, ja kanskje til og med verdens første reinspikka folkemusikknattklubb, og det er sjølvsagt Tuva Syvertsen, frå Valkyrien Allstars, som er vertinne for kvelden. Det blir hardcore fele- og hardingfelespel med Anne Hytta og Olav Luksengård Mjelva, folkemusikkaraoke og jam.Felespelarane Anne Hytta og Olav L. Mjelva av Røros serverer hardbarka springar, pols og halling på denne fyrste skikkelige blodklubben etter pandemiens herjingar. Konserten vert etterfylgt av ein solid runde med Folkemusikkaraoke.