Dans for livet!

Står det i Aftenposten si magasinutgåve fredag den 17. april.

Det er professor Jonathan Skinner ved Queen`s University i Belfast som har funne ut dette. I ein rapport han har skrive for Changing Ageing Partnership syner han til korleis sosial dansing  – med ein eller fleire partnarar – reint konkret fører til eit forlenga liv. Dans får dei eldre til å leva sunnare, kjenna seg meir lukkelege og leva lengre. Skinner har forska på dansande eldre i Nord-Irland, Blackpool og i Sacramento, USA. I tillegg til at pardans i ulike variantar får dei eldre til å koma seg ut, og å føla at dei har eit mål i livet, fører sjølve aktiviteten til å flytta fokus bort frå verk og smerte som kjem av høg alder. I tillegg har dansen den effekten at den fører folk saman.

Me helsar alltid med glede at forskarar kan bekrefta det me har visst heile tida – og me kan legga til: Effekten blir større dess tidlegare du startar!