Endeleg folkemusikkonsulent i Akershus

Kjeller 1. juni 2017

Den 30. april kunne dagleg leiar i Akershus musikkråd, Jon G. Olsen gå ut med at Marianne Tomasgård er tilsett som folkemusikk- og folkedanskonsulent i Akershus i 100% stilling frå medio august 2017.

Akershus fylkeskommune har gått inn med fast løyving, og det er er fylkes-musikkrådet som blir den formelle arbeidsgjevaren.Akershus musikkråd og SAFFA har arbeidd aktivt over mange år for å få dette til – og det er ei historisk hending at me nå har ein fulltids tilsett person til å arbeida med den rike musikk- og dansetradisjonen i fylket.Den kjende «Honndalstausa», Marianne er fødd- og har vakse opp i Nannestad og har hatt folkemusikken med seg heile livet. Far – Ellev var med på skipinga av SAFFA på 1980-talet, og Marianne har vore aktiv i SAFFA i mange år – både som leiar av Spillevinka-prosjektet og som styremedlem og nestleiar.SAFFA helsar Marianne hjarteleg velkomen i stillinga og ser fram til eit strålande og konstruktivt samarbeid til beste for vår felles kulturarv.Nils Seland (styreleiar i SAFFA)

Les også om saka på http://www.musikk.no/akershus/folkemusikkonsulent-i-akershus/