Glimt frå Sørmarka-kurset 12. og 13. januar 2008

Det årlege «januar-kurset» i SAFFA har som mål å fomidla kunnskap/kompetanse/vidareutvikling som det ofte er vanskeleg for det enkelte lag å få tak i på eiga hand.

Grunnleggande kunnskap om rytmeforståelse – både for dansarar og musikarar har vore sentralt tema dei siste åra. Dette vil bli ført vidare på kurset i vinter. Frå fagplanen nemner vi:

Tor Stallvik:

Tor er ein av dei mest erfarne instruktørane i Noregs Ungdomslag og er mangeårig medlem i Vågå Spel- og dansarlag.

1. Innlæring av rytme/rytmeforståelse.

2. Springleik frå Vågå.

Leder Nils Seland med Tor Stallvik og

Ellev  og Per Tomasgård:

Hamborgarrytmen – eit opplegg både for dansarar og spelemenn.

Ellev kjem frå Hornindal og «har hamborgaren i blodet». Han er kjent for mange i SAFFA frå suksessen med Nannestad spelemannslag. Han har arbeidd med musikk i heile sitt liv – sist som lærar i kulturskole. Fele er hovudinstrumentet.

Josefina, 7 år, lærer dansesteget av pappa …

Mats Berglund:

Mats fortel: «Jag har utarbetat ett låtutlärande med
målsättningen att ge spelmännen en större insikt för att förstå
samapelet mellan musikens rytm och dansen. Ett av kursmomenten är att
låta spelmännen få gå försteg och känna på svikten för att sedan
omsätta den erfarenheten i sitt eget spel.»

Bjørn Elgstøen

Trekkspel/toradarinstruktør med solid erfaring frå dansemusikk-miljøet. Har samla gammal dansemusikk frå Akershus og spelar i Nitelva.

Tonje Lien Barkenæs

Er kursspelemann denne gongen. Kjent frå bl. a. Østerdølene og «Delta-karane». I tillegg til å spela til danseinstruksjonen vil Tonje bidra på musikkursa.

                  Anne Hval Jensen ledet sangdansen ……

… og Alix Cordray ga oss en repetisjon på Finnskogpolsen.