God oppslutning om sørmarkakurs 2009

Ca 110 dansarar og spelemenn i aktivitet på Sørmarka denne helga.

Stikkord om programmet henta frå kursinvitasjonen:

«KOMP-KURS»

Tema vil være rytmikk, harmonilære, gitar –akkorder, kontrabass-spill, el-bass spill, bassganger, besifring, alternative akkorder, strykebass.

RYTMEFORSTÅELSE
Begge dagane tek til med ei generell rytmeøkt for både dansarar og musikarar. Tor Stallvik er ein av våre mest erfarne og solide fagfolk innan folkedans. Han hadde stor suksess med å gi eit større perspektiv på dette med rytmeforståelse under SAFFA-kurset i januar 2008. Dette blir vidareutvikla under komande kurs.

VÅGÅSPRINGLEIK
Tor Stallvik er trønder av opphav, men har budd så lenge i Vågå at han er å rekna som ekte døl – iallfall når det gjeld dans. Det var god respons på hans kurs i Vågåspringleiken på sist kurs. Mange ønskjer å repetera og bygga vidare på 2008-kurset, men det er fullt muleg å koma om du ikkje har vore borte i dansen før.

MUSIKK TIL VÅGÅSPRINGLEIK
Tonje Lien Barkenæs er spelemann for Tor sine økter, men har også eit kortkurs for dei som vil læra å spela i denne rytmen.

HALLING/LAUS
Ulf-Arne Johannessen frå Ål i Hallingdal er danseinstruktør. Han er ein av landets beste hallingdansarar for tida, og er er medlem av Dansekompaniet Frikar (kjent frå bl.a.Norske Talenter).

VALDRESSPRINGAR
Brit Totland blir instruktør på lynkurs i å dansa Valdresspringar søndag. Ho har Dag Hamre som medinstruktør.

TURDANS/KVADRILJER
«Turdans til hverdag og fest»
Vi kommer inn på ulike former for turdans, det være seg pardans, tredans, dans i stor ring og i små ringer, dans på rekker og oppstiling i store og små kvadriljer.
Marita Ramstad er kursleiar.

HARDINGFELE
Tore Bolstad er instruktør på hardingfelekurset. Halling og Valdresspringar er prioriterte tema og det blir høve til å trena saman med dansarane på kurset.

TORADER
Instruktør Lisbeth Haraldsen frå Geilo. Ho er 21 år og nyutdanna frå Ole Bull-akademiet på Voss – tilsett som kulturskolelærar i Hol og med hallingdalstradisjon som spesialfelt.

TREKKSPEL
Bjørn Elgstøen er instruktør. Danserytme og arrangement er hovedtema.

FELE
Olav Luksengård Mjelva er ein av landets beste på fele og vil bli hovedressursen for dette kurset. I tillegg vil Tonje Lien Barkenæs ta ei økt med vågåspringleik.

LØRDAG KVELD
er ein viktig og integrert del av kurset. Her får musikk-elevane spela til dans i varierande grupperingar.