«Jubelhelg» med folkemusikk- og dans i Oslo 20.-21. november 2010

SAFFA har gått inn i eit samarbeid med BUL og BLS om dette arrangementet, som er i ferd med å bli årvisst. Alle salane i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo sentrum var fylt med musikk og dans og mykje liv frå lørdag førmiddag til søndag kveld. Det var stildans, runddans, bygdedans, turdans og songdans, konsertar og kurs for vaksne og barn.

SAFFA sitt bidrag var å rekruttera spelemenn/musikkgrupper til å delta i dugnadsspel lørdag kveld frå kl. 21.00 – inkl. Nattdans frå midnatt og utover. Lista trekkspillklubb var på bytur den helga og blei med på dansespelet. Sjå http://www.myspace.com/ltklubb/music/playlists