Nesodden danselag med halling og break på TV2 den 15. mai 2009

I veka før 17. mai fekk SAFFA spørsmål frå programmet God morgen Norge om å stilla med unge dansarar til å laga 17. mai-stemning i programmet fredag morgon. SAFFA tok då kontakt med eit av dei nyaste medlemslaga, og leiaren, Kari Mariussen tok affære. Presentasjonen av unge lausdansarar frå Nesodden passa godt inn i oppløpet til rybaksuksessen i Moskva.