Om organisasjonen

Kort historie:

SAFFA blei formelt etablert på konstituerande generalforsamling i mars 1981 som eit svært laust samansett fellesorgan for folkemusikk- og folkedansgrupper i regionen.

Sverre Stuedahl frå «Skjetten Internasjonale folkedanslag», var formann i SAFFA dei første åra fram t.o.m. 1987. Andre leiarar har vore: Britt Hauge Svendsen (1988), Rolf Evju (1989), Harald Devold (1990-91), Alf Døhlen (1992), Anne Ma Devold (1993-94), Olav Ruud (1995-98), Vidar Wien Andresen (1999-2002), Nils Seland frå 2003 til 2020 og Trine Sennerud Melby frå 2020 til 2022.

Terje Hjørnevik var kasserar ein lang periode frå midt på 1980-talet.

Bygdelagssamskipnaden (BLS), lokalisert med sitt samlingshus i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo, var då Noregs Ungdomslag (NU) sitt fylkeslag for både Oslo og Akershus. Men den gongen var det i SAFFA eit relativt stort innslag av lag som dreiv med internasjonal folkedans, og dette var kanskje ein av grunnane til at dei ikkje knytte seg formelt til NU.

SAFFA er ganske utradisjonelt i oppbygginga – etter som det ikkje er verken lagskontingent eller personleg kontingent. Ein idé bak dette, er at SAFFA skulle vera eit «lågterskel»-tilbod som det skulle vera enkelt og rimeleg å slutta seg til, og at det dermed skulle ha ein sjanse for å dekka det aller meste av det som rører seg på området i regionen. Dette ville gi organisasjonen større tyngde – både fagleg og i offentlege miljø.

Akershus musikkråd har lenge fylt ein aktiv rolle som støttespelar for SAFFA – bl. a. i arbeidet med å skaffa fylkeskommunal stønad til arbeidet.

Kurs har vore ein viktig pillar i arbeidet heile tida. Den første tida var det årlege helgekurset i Hurdal. Sidan 2002 har kurset vore på Sørmarka kurs- og konferansesenter, adresse Siggerud. I januar 2018 blei kurset – for første gong – lagt til Olavsgaard hotell på Skjetten.

I 2023 har SAFFA 66 medlemslag, sjølv om ikkje alle er like aktive som tidlegare. Lag frå Akershus dannar hovudstammen, men det er også med lag frå Oslo, Østfold, Hedmark og Buskerud. Vi trur det er viktig å skapa ein større allianse om ein skal få til eit handlekraftig regionapparat i Oslofjord-området.

Denne regionen er den mest tettbefolka i landet, og det er to ulike aspekt med tradisjonsarbeidet vårt.

  1. Det bur folk her frå alle kantar av landet, og det er fint om ein kan stimulera til at desse dyrkar sin heimetradisjon vidare.
  2. Det er mykje lokalt tradisjonsstoff frå dette området som har vore lite på-akta gjennom lang tid. SAFFA ønskjer å bidra til å ta vare på den.

SAFFA er – frå 2011 – medlem av FolkOrg og er organisasjonen sitt områdelag for Akershus, Oslo og Østfold.

Frå aug. 2011 til aug. 2013 hadde SAFFA eit prosjekt med navnet Spillevinka. Eit viktig mål med prosjektet var å fremja folkemusikk og folkedans i kulturskolane og i skoleverket forøvrig. Marianne Tomasgård var tilsett prosjektleiar i 70 % stilling.

I 2014 heldt Marianne fram som leiar for eit prosjekt finansiert av Kulturrådet. Dette gjekk på vidare arbeid med å finna tilbake gamle dansetradisjonar i Akershus og var ein del av grunnlagsarbeidet for Bygda dansar-prosjektet «Akersarv».

I perioden 2015-2017 var Marianne fast kontaktperson for SAFFA i Bygda dansar-prosjektet – Akersarv.

Bygda dansar hadde si avslutningsforestilling på kulturhuset i Sandvika 5. og 6. mai 2017. Etter dette er det ei viktig oppgave for SAFFA å legga til rette for at denne flotte ungdomsgjengen kan dyrka dansen og musikken vidare i vår region.

Frå august 2017 har Marianne Tomasgård vore tilsett som folkemusikk- og folkedanskonsulent for Akershus – med Akershus musikkråd som formell arbeidsgjevar. Marianne er også folkemusikkonsulent for Østfold.

Hefteserie med noter:

SAFFA har etablert ein hefteserie med noter frå kjende tradisjonskjelder i fylket.

Pr. 2020 er 8 hefter ferdige. Fleire kjem:

  • Hefte 1: Nordskaug-hefte
  • Hefte 2: 4 Dansemelodier fra Follo
  • Hefte 3: 20 springdanser og 10 hallinger
  • Hefte 4: 19 Runddansslåtter
  • Hefte 5: 24 Springdanser og masurkaer
  • Hefte 6: 15 danseslåtter etter Christian Mærli fra Enebakk
  • Hefte 7: Slåtter fra nordre Follo
  • Hefte 8: Feleslåtter og sanger fra Aurskog

Se også Fagside Musikk og Fagside Dans.

Historiske dokument:

Organisasjonen:

Årsmøtet er øverste organ i SAFFA.
Organisasjonsnummeret til SAFFA er 985 564 442
SAFFA er registrert i Frivillighetsregisteret

Frå våren 2011 har SAFFA gått inn i rollen som områdelag i FolkOrg, for Akershus, Oslo og Østfold.

Frå årsmøtet 2019 er det i vedtektene markert ei tydelegare to-deling av SAFFA:

1. SAFFA som Områdelag i FolkOrg har 3 styremedlemmer og eitt varamedlem som alle er med i FolkOrg, og pr. 2022 er det 15 medlemslag.

2. SAFFA som Nettverk har eit styre på 5 personar og omlag 70 grupper og lag i heile Viken-regionen som medlemmer. Ein del av desse nettverksmedlemmene er FolkOrg-lag som er innmeld i andre områdelag.

Vedtekter oppdatert fram til 2000

Vedtekter vedtatt av årsmøtet 2011
Vedtekter oppdatert 2015
Vedtekter oppdatert pr. 2019
Samordna registermelding 2017

Vedtekter pr. 17.4.2023

På årsmøtet blir det valt eit styre på 5 medlemmer. Styreleiar, nestleiar, eit styremedlem og eit varamedlem til styret skal vera medlem i FolkOrg.

Styre- og varamedlemmer  frå 17. april 2023:

FunksjonNavn Telefon E-post
LederBjarne O. Braastad‭973 07 669‬post@saffa.no, bjarne.braastad@saffa.no
NestlederMarianne Tomasgård909 52 434marianne.tomasgard@musikk.no
StyremedlemIngrid S. Løkken 948 48 028ingrid.fantasihuset@gmail.com
StyremedlemLaila Finvik Pettersen901 97 475lailafinvikp@hotmail.com
KassererBrynjar Bratland907 33 573brynjarb07@gmail.com
VaramedlemGrethe Bekkedal Skrebergene950 78 005gb-skreb@online.no
VaramedlemTone Eidsvold995 31 605eidsvold@online.no