Sett av tid til sørmarkakurset 7.-9. januar 2011

Det er planen å utvikla kurshelga vidare i tråd med innspel frå sist samling. Me vil invitera alle deltakarar til å bli med alt frå fredag kveld. Då vil det bli fridans og konsertar med både lærarar og elevar. Kursa i fele, trekkspel, torader, komp.,hardingfele, halling/laus vil gå vidare. Innan dans, så er det ønskje om å få ein repetisjon på Finnskog-polsen. Det vil vidare bli lagt eit helgeseminar for kulturskoleelevar dit. 

Suksess for sørmarkakurset 9. og 10. januar 2010

I alt var det 120 spelemenn og dansarar samla på årets sørmarkakurs. Programmet var tett, og deltakarane viste stor entusiasme. Den jamne og gode framgangen arrangementet har hatt dei siste åra gir inspirasjon til ei markert vidareutvikling. Du bør alt nå reservera helga den 8. og 9. januar 2011. Kom også med ønske om kurstilbud som du er interessert i.

Frikar Anders Aasberg med entusiastiske elevar demonstrerer sine kunster for resten av kurset. Hardingfelekurset med Annbjørg Lien som instruktør spelar til hallingdansen.

SAFFA med fyldig program på Gamle Hvamsdagen søndag 23. august 2009

Det er mange år sidan Gamle Hvamsdagen har hatt så mange besøkande. Meir enn 1 500 betalande gjester – i tillegg til eit hundretal aktørar og frivillege.

Fleire danse- og musikkgrupper viste eit breitt utvalg av tradisjonsstoff – frå gammelpols og storgards-dans til meir orientalsk inspirert magedans. Ellers var anledning til å svinga seg på plattingen både for store og små. Bilder her.Last ned detaljert program her, eller slå opp på museet si eiga heimeside.

Stildansgruppa Moulineten i aksjon på Gamle Hvam 2009.

Dans som forener

Dette er tittelen på ein kronikk av doktorgradsstudent ved Universitetet i Oslo, Mona Stang i Aftenposten den 20. mai. Ho skriv: «Dansegruppen Frikars opptredener sammen med Alexander Rybak har vakt interesse for en danseform med historiske aner».  Og ho held fram:

«En av de mest interessante kildene til førmoderne dans, nedskrevet mens våre bergbilder var i en sluttfase, er Platons Lovene, hvor bl. a. dansens sosiale funksjon drøftes, og hvor forfatteren faktisk bruker noen av de samme kategoriene og teoetiske utgangspunktene som moderne antropologiske arbeider om dans.

Platon diskuterer dansens rolle i moralopplæringen, og ser aktiviteten som en en type uskrevne regler – grunnleggende for staten velbefinnende. Å danse betydde å være sosialisert, mens den som ikke kunne danse ble betraktet som udannet og ikke-borger.

Helleristninger, krukdans og andre tradisjonelle danseformer viser arv fra tidligere tider da bevegelse ble sett på som kommunikasjon på lik linje med det talte ord, og er alle viktige for å forstå fortidig mentalitet og rasjonalitet.

Hulda Garborg og den frilynde ungdomsrørsla gjorde en formidabel innsats for å ta vare på de norske dansene, bl. a. ved å oppsøke etterkommerne etter vikingtidens og middelalderens nordmenn på Færøyene for å lære seg «ekte» ringdans.

Som globalt fenomen kan dans forene og bygge broer. Både dansebevegelser og det de symbolliserer er ofte felles for mennesker over store områder. Dans forteller derfor også om kulturkontakter i fjern fortid – og kan danne grunnlag for nye – slik som møtet mellom russere og nordmenn i krukdans og kosakkdans i Moskva i 2009.»

Dans for livet!

Står det i Aftenposten si magasinutgåve fredag den 17. april.

Det er professor Jonathan Skinner ved Queen`s University i Belfast som har funne ut dette. I ein rapport han har skrive for Changing Ageing Partnership syner han til korleis sosial dansing  – med ein eller fleire partnarar – reint konkret fører til eit forlenga liv. Dans får dei eldre til å leva sunnare, kjenna seg meir lukkelege og leva lengre. Skinner har forska på dansande eldre i Nord-Irland, Blackpool og i Sacramento, USA. I tillegg til at pardans i ulike variantar får dei eldre til å koma seg ut, og å føla at dei har eit mål i livet, fører sjølve aktiviteten til å flytta fokus bort frå verk og smerte som kjem av høg alder. I tillegg har dansen den effekten at den fører folk saman.

Me helsar alltid med glede at forskarar kan bekrefta det me har visst heile tida – og me kan legga til: Effekten blir større dess tidlegare du startar!