Småleik 2019

Småleik er ein nasjonal sommarleir for barn som driv med folkemusikk, folkedans og folkesong. Det blir kurs med dyktige instruktørar, framsyningar både av og for barna, utflukt til Norsk Folkemuseum på Bygdøy og ikkje minst mykje, mykje moro! Stemnet blir hovudsakleg halde på Apalløkka skole i Oslo og i idrettshallen like ved.

les meir: http://www.hundreleik.no/smaleik

Sjå også desse peikarane: 

https://leikarringen.bul.no/hundreleik/

http://www.hundreleik.no/smaleik

Flott Heyerdahl-konsert på Musikkhøgskolen

Anders Heyerdahl (fødd 29. oktober 1832 i AurskogAkershus, død 3. desember 1918) var komponist, musikar, slektsforskar, folklorist og lokalhistorikar. I boka «Urskogs beskrivelse» har han samla solid dokumentasjon bl. a. om folkemusikk- og dansetradisjonen i området. I år er det 100 år sidan han døydde, og Akershus musikkråd ved folkemusikkonsulent Marianne Tomasgård er i ferd med å planlegga fleire aktivitetar for å heidra minnet om denne markante tradisjonsbæraren. Den 27. januar var det flott konsert i Lindemann-salen på Musikkhøgskolen, og 16. nov. er det planlagt stort arrangement i heimbygda hans, Aurskog.

Hjarteleg til lukke, Marianne!

Då er det klart at den nye folkemusikkonsulenten i Akershus har får godkjent sin masteroppgave avlagt ved folkemusikkstudiet i Rauland. Marianne er dermed den person i verden som veit mest om den nå gjenskapte Akershus-springdansen. SAFFA gratulerer.