SAFFA nytt områdelag i FolkOrg. Vedtak gjort på årsmøtet 31. mars 2011

På årsmøtet i FolkOrg i Bergen i november 2010 blei vedtektene endra for det som gjeld organisering av områdelag/distriktslag innan organisasjonen.  Nå er det ikkje lenger eit vilkår at alle medlemslag i områdelaget er medlemmer av FolkOrg sentralt.

Denne endringa passa som «hand i hanske» for SAFFA, der dei fleste medlemslaga for tida ikkje er med i ein landsdekkande organisasjon. Styret har gått inn for å knytta SAFFA opp mot FolkOrg – for på den måten å styrka nettverk og status. Det var før årsmøtet 6 FolkOrg-lag i Oslo og Akershus som ikkje var medlem av SAFFA. Desse vil ikkje få auka forpliktelsar eller kostnadar ved å bli innlemma i eit regionlag – bare eit organ der det er muleg å samarbeida om overordna fellestiltak.

Saka blei behandla formelt på årsmøtet i SAFFA den 31. mars 2011 og samrøystes vedtatt.

SAFFA har også hatt kontakt med Bygdelagssamskipnaden (BLS), som har sin base i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo sentrum. BLS er regionlag for Noregs Ungdomslag i Oslo og Akershus. BLS-styret har sagt ja til praktisk samarbeid med SAFFA i første omgang.