Sett av tid til sørmarkakurset 7.-9. januar 2011

Det er planen å utvikla kurshelga vidare i tråd med innspel frå sist samling. Me vil invitera alle deltakarar til å bli med alt frå fredag kveld. Då vil det bli fridans og konsertar med både lærarar og elevar. Kursa i fele, trekkspel, torader, komp.,hardingfele, halling/laus vil gå vidare. Innan dans, så er det ønskje om å få ein repetisjon på Finnskog-polsen. Det vil vidare bli lagt eit helgeseminar for kulturskoleelevar dit.