Sørmarkakurset 11. og 12. januar 2014 blei avvikla i tradisjonell stil og med stort engasjement frå både instruktørar og deltakarar – unge og vaksne.
Kursplan og invitasjon var slik:
Musikkursa:
SAFFA har gjennom det siste året fått på plass fire temahefter med noter og besifring til ulike kategoriar lokal folkemusikk. To av desse hefta blir presentert gjennom kurs på Sørmarka i januar:
Kursa vil bli lagt opp slik at det er muleg å få meg seg to «løp». Du kan ta eit kurs lørdag og eit anna søndag. Dersom du vél å følgja same kurset heile helga, så blir det nye slåttar dag 2.
- Runddansmusikk frå Romerike.
Intruktørar er Irene Tillung på trekkspel og Marit Skeie Ljones på fele, men kurset er uavhengig av kva slags instrument du spelar. (hefte nr. 4 er ein del av kursmateriellet) - Gamle springdans- og hallingslåttar frå Akershus-området
Instruktørar er Mats Berglund og Elise Tegnér. Begge spelar fele, men her er det også først og framst poenget å læra slåttane, historia og rytmen, så her kan du koma med det instrumentet du har.
(hefte nr. 3 er ein del av kursmateriellet) Dersom du skal spela til dans, så er «kort-trear»-rytme blitt meir og meir aktuell. Då er det flott å kunna ein del om det lokale utvalget av slåttar. - Rørospols
Instruktør er Rolf J. Feragen frå Røros – som spelar trekkspel i Småviltlaget. Rolf har med seg ein felespelar frå same laget – Ole Erik Feragen. Kurset kan derfor i periodar delast i to – eit parti for felene og eit parti for trekkspel/torader og div. komp.-instrument.
Småviltlaget er av mange rekna som det beste førebiletet når det gjeld å spela god pols. Laget har sitt utspring frå Røros og Hessdalen, og er blant dei fremste utøvarane av gammeldansmusikk her i landet. Dei har blant anna vunne Landsfestivalen tre gonger.
Noter/lydfiler til kurset:
– Funesdalingen (noter)
– Brurleken åt Sulhusgubben (lydfil spela av Elise Tegnér) Lydfil med Tron Westberg (Småviltlaget)
– Kvardagspolsen hass Henning Trøen (noter) Lydfil m. Småviltlaget
– Pols e. Johs. Ingebrigtsvoll (noter)
– Aursundleken (Den same som Leken hass Smed-Anders)? (noter) - Dansekursa:
Dansetilbudet i år blir eit samanhengande «løp», men med forskjellige dansar gjennom helga.
– Rørospols med instruktørar og musikk frå Røros. Torill Jørgensen instr. og musikk Rolf J. og Ole Erik Feragen.
– Akershus-springdansen. Instr.: Martin Myhr og Trine S. Melby
– Turdansar frå regionen. Instr:. Tone Eidsvold
– Vestfold-springdans. Marianne Dahl
– Rundom. Martin Myhr - Ungdomskurs (lørdag)
A. Instrumentuavhengig samspelkurs med Vegar Vårdal.
B. Dansekurs/Workshop m. intro. til prosjektet Bygda dansar: Marianne Dahl m. fl.C. Barnekurs: Felekurs med Kjerringrokk/Feler i fleng (lørdag frå kl. 10.00 til 16.00)
Detaljert timeplan oppdatert 9. januar 2014
Kursstart begge dagar: Kl. 09.00. Avslutning søndag etter lunsj (kl. 13.30).
Påmeldingsfristen var den 12. des. Men det er ennå plass på kursa, så bare send ein epost med navn, mobilnummer/adresse og det kurset du vil bli med på til post@saffa.no.
Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift.
Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga. Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.
Har du spørsmål om kurset – ta kontakt på epost
Prisar januar 2014:
1 | Heile helga med overnatting i enkeltrom | kr. 1.850 |
---|---|---|
2 | Heile helga med overnatting i dobbeltrom | kr. 1.650 |
3 | Heile helga med overnatting i trippelrom | kr. 1.450 |
4 | Heile helga utan overnatting men med lunsj og middag | kr. 1.000 |
5 | Bare lørdag med lunsj, middag og kveldsarrangement | kr. 900 |
– | Ekstra overnatting frå fredag til lørdag i enkeltrom | kr. 800,- |
KOMP støtter SAFFA og Sørmarkakursa