Sørmarkakurset 9. og 10. januar 2016 er nå gått over i historia. Fotograf Knut Utler var med under kurset lørdag, og hans bilete vil bli lagt ut her: https://www.facebook.com/knut.utler?fref=ts
Tema | Kursomtale |
Folkemusikkfor barn | Instruktør Elisabeth Olhans stilte med sitt opplegg for kulturskoleelevar.Start lørdag kl. 10.00. Avslutning med «hentekonsert» lørdag kl. 15.30 |
Instruktørkurs Trine M. Sjølyst Kurstid:Lørdag og søndag | Instruktørkurs. Vaksne- og barneinstruksjon. Målgruppe:Personar med noko folkedansbakgrunn som kan tenkja seg å gå inn i leiar- eller instruktøroppgåver for etablerte ringar og lag og på nybegynnarkurs. På dette instruktørkurset arbeider ein med instruktørrolla, grunntrening og det å bli kjend med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring av folkedans. Deltakarane vil i løpet av kurset få rettleiing i eigen dans og øva på grunnleggande rørsleteknikkar. Ein vil også sjå på samspelet mellom dans og musikk. Instruktør er Trine Merete Sjølyst, som har undervist fleire gonger tidlegare på SAFFA-kurs og har lang erfaring som dansar og instruktør. Trine er tilsett i Bygda Dansar Akershus og er ansvarlig for Norsk Folkemuseums Dansegruppe i tillegg til å være frilanser. Trine spør:»Finnes den ultimate instruktøren? Hvordan ønsker vi at våre instruktører skal være? På kurset vil deltakerne lære «lure», egnede danser og bruke ulike pedagogiske metoder for å formidle dem videre. Vi vil lære å tilpasse dansene til målgruppene, utvikle og gjennomføre opplegg med ulike målsetninger og bli bevisste på vår rolle som forbilder.» Benjamin Kehlet blir musikar for kurset. Han er kjent for sitt gode dansespel og breie repertoar. Han spelar i gruppa Farande Fant og blir ofte brukt som musikar for dansegrupper i og utanfor Oslo. |
Bygde- og runddansslåttar frå Akershus. Lær deg dei gamle slåttane og rytmen, slik at du kan spela – bl. a. til den gjenskapte Akershus-springdansen. Kurstid:Lørdag og søndag | Kurset bygger på det nye noteheftet som SAFFA har fått utarbeidd.Skriv om du vil ha heftet tilsend i posten.Øyvind Sandum og Marianne Tomasgård er instruktørarKurset er instrumentuavhengig. Slåttane i bygdedansheftet kan du høyra her i ulike rytmevariantar: https://soundcloud.com/saffa-7 |
Musikk til «Storgardsmusikken» Kurstid:Lørdag og søndag | Den såkalla storgardsmusikken er ein betydeleg del av folkemusikktradisjonen i vårt område.Instruktør er Olaf Aasen frå gruppa Hollos Efterfølgere, som gjorde stor suksess på Landsfestivalen for gammaldansmusikk i sommar. Sjå opptak Olaf Aasen skriv om kurset:»Ønsket er å kunne sette sammen ei gruppe mest mulig lik den tradisjonelle ensemblemodellen, med 1./2. fele, klarinett (B/A) og cello samt komp. I kompet er det åpent for både bass, gitar og piano. Repertoaret er tradisjonsmusikk fra Akershus, og vil omfatte de fire runddansene, samt noen av turdansene, som firetur og/eller fandango. Vi vil arbeide med fokus på samspill og dansbarhet. Storgardsmusikken har stor spennvidde mht tekniske krav til utøveren, og egner seg godt også som pedagogisk materiale i instrumentalundervisningen, både på soloinstrument og i grupper. Her kan du sjå og høyra eit av produkta frå kurset – ein Firetur som kan erstatta den kjende slåtten som er brukt til Firetur frå Nes på Romerike:Firetur |
Musikk til Rørospolsa. Trekkspel/toraderb. Fele m. m.Kurstid:Lørdag og søndag | a. Lærar på trekkspel er: Rolf J. Feragen b. Lærar på fele er Mari Eggen (pedagog og leiar i Glåmos spelemannslag) Opptak: Mari skriv: Lekene vi spiller går i a-dur, og felene bruker oppstemt ters og bass. For toradere blir det a/d spell. Lydfiler: Pols etter Henning Trøen «Vil du høre nytt?» Leken hinnes kokk-Sofia (fil for nedlasting) Noter:Vil du høre nytt? Hoppvals etter Sven-Pålsa Leken hinnes kokk-Sofia fele Leken hinnes kokk-Sofia trekkspel Pols etter Henning Trøen Ringlender etter Nils-Jonsa Feragen |
Dans Kurstid:Lørdag og søndag | Tema: Ami Petersson Dregelid blir hovedinstruktør for kurset, og arbeidet med generell danseteknikk/dansestil og rytmeforståelse vil vera sentrale tema. Ami skriv: «Kurs i folklig dans – för dig som dansar och vill fördjupa ditt kunnande, med ”Rotation och sväng” som består av dansaren Ami Petersson Dregelid och spelmannen Ellika Frisell. Denna kurs vänder sig till dig som har dansat tidigare och vill vidareutveckla ditt dansande.Tonvikten ligger på att finslipa och fördjupa.Vi kommer til ex att arbeta med teknik, sväng, balans och samdans. Vi utgår från den kunskap du redan har men bjuder också på nytt material. Ami Petersson Dregelid, dansare och pedagog och Ellika Frisell, spelman och pedagog har undervisat ihop i många år och har utvecklat ett tätt pedagogiskt samarbete med kurser runt om i Norden. Deras gemensamma intresse av både musik och dans gör deras kurser till en inspirerande djupdykning Tillsammans sätter de rotation och sväng på dansgolvet! Ami Petersson Dregelid undervisar på Dans och Cirkushögskolan och Kungl. Musikhögskolan i Stockholm samt på Eric Sahlströminstitutet. I Norge undervisar hon regelbundet på bl a Ole Bull akademiet/NTNU samt har kortare kurser. Ellika Frisell är frilansande folk och världsmusiker som turnerar över hela världen. Undervisar halvtid på Kungl. Musikhögskolan och Dans och Cirkushögskolan. Ellika spelar musik främst från Bingsjö och Orsa, men även egna låtar, Västerdalskt, norskt m.m. « Akershus-springdansen: Prosjektleiar i Bygda dansa, Akershus, Mathilde Øverland vil orientera om arbeidet med gjenskaping av dansen. Audun Grüner Hegge og Anbjørg Myhra Bergwitz vil ta oss med i ei økt eller to med Finnskogpols. |
Prisar | Prisen dekker – i tillegg til sjølve kurset: | Tillegg for overnatting frå fredag |
Kr. 480,- | Lørdag med lunsj. Barn under 12 år. | |
Kr. 780,- | Bare lørdag – med lunsj. (kl. 09.00 til 17.30) Over 12 år | |
Kr. 1180,- | Bare lørdag – med lunsj, middag og kveldsarrangement | |
Kr. 1380,- | Begge dagar utan overnatting | |
Kr. 1680,- | Begge dagar med overnatting i trippelrom | Kr. 1369,- pr. rom |
Kr. 1880,- | Begge dagar med overnatting i dobbeltrom | Kr. 1152,- pr. rom |
Kr. 2180,- | Begge dagar med overnatting i enkeltrom | kr. 845,- |
Med unntak av barnekursa, så er det oppstart lørdag kl. 09.00. Kursa blir avslutta med lunsj søndag.
Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift.
For påmelding og spørsmål: Send epost til post@saffa.no eller tlf.: 9066 6867.
Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga.
Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.
Sørmarka kurs- og konferansesenter ligg på vegen mellom Oslo og Enebakk – nokre få km. aust for avkjøringa frå E6 ved Klemetsrud.
Nærmare vegbeskrivelse: http://www.sormarka.no/om-oss/
KOMP støtter SAFFA og Sørmarkakurset